Gå rett til innhold
<
<
Undersøking blant pasientar innlagde på sjukehus etter Campylobacter-utbrotet i Askøy kommune, 2019

Undersøking blant pasientar innlagde på sjukehus etter Campylobacter-utbrotet i Askøy kommune, 2019

Aktuelt

Publisert: 02.07.2021
Oppdatert: 14.06.2022

Bakterien Campylobacter jejuni forureina drikkevatn i Askøy kommune i juni 2019, og over 2000 personar vart sjuke under utbrotet av denne mage- tarminfeksjonen.

De Wood; Digital colorization by Chris Pooley., Mikroskopi av Campylobacter-bakterien. Photo by De Wood; digital colorization by Chris Pooley., Campylobacter 2021, ,

Kilde:
De Wood; Digital colorization by Chris Pooley.

Mikroskopi av Campylobacter-bakterien. Photo by De Wood; digital colorization by Chris Pooley.

Fleire vart innlagte på Haukeland Universitetssjukehus, og 67 av desse har vorte nærare studert av forskarar ved NORCE Norwegian Research Centre, Universitetet i Bergen og Helse Bergen.

Dei 50 vaksne som vart innlagte var stort sett sjukare enn dei 17 borna som vart innlagte. Likevel fekk nesten halvparten av borna antibiotikabehandling mot infeksjonen, mot berre 14% blant vaksne. Nesten alle vaksne fekk intravenøs væskebehandling, mot berre to av borna. Vaksne hadde fleire andre underliggande sjukdommar, høgare infeksjonsprøver, og var oftare dehydrerte. Gjennomsnittleg tid innlagt for vaksne var to dagar, med lengste opphald på ni dagar. Det lengste opphaldet på sjukehus blant born var 2 dagar.

Det vanlegaste symptomet var diaré, fylgt av magesmerter, som også var relativt vanleg. Det var færre tilfelle av blodig diaré i den undersøkte gruppa, enn det som er vanleg ved innleggingar for Campylobacter-infeksjon. Feber og oppkast var vanlegare hjå born enn vaksne.

To pasientar døydde under dette utbrotet. Den eine var ein vaksen med svakt immunsystem og alvorleg underliggjande sjukdom, den andre eit born med samtidig annan alvorleg infeksjonssjukdom. Den store mediemerksemda rundt utbrotet og desse dødsfalla kan ha prega avgjerdene om å legga inn pasientar, og å behandla born med antibiotika.

Knut Erik Emberland, Sverre Litleskare, Knut-Arne Wensaas og Guri Rørtveit er forskere fra Allmennmedisinsk forskningsenhet, NORCE i Bergen.

Referanse:

Mortensen N, Jonasson SA, Lavesson IV, Emberland KE, Litleskare S, Wensaas KA, et al. Characteristics of hospitalized patients during a large waterborne outbreak of Campylobacter jejuni in Norway. PLoS One [Internet]. 2021;16(3 March):1–11. Available from: http://dx.doi.org/10.1371/journal.pone.0248464

Kontakt

Knut-Arne Wensaas

Forsker II - Bergen
knwe@norceresearch.no
+47 56 10 72 94