<
<
Stor merksemd om folkemøte om coronaforsking i Ulvik

Stor merksemd om folkemøte om coronaforsking i Ulvik

Aktuelt

Publisert: 15.09.2022
Oppdatert: 15.09.2022

Forskarane i prosjektet UCCO: The Ulvik COVID-19 Cluster Outbreak study, inviterte til folkemøte 25.08.2022 på Brakanes hotell i Ulvik Herad

Marit Folkedal Lussand, Frå venstre: Forskar II ved AFE Knut-Arne Wensaas, Professor ved UiB Guri Rørtveit, Professor ved avdeling for mikrobiologi Elling Ulvestad, Seniorforskar ved avdeling for mikrobiologi Audun Sivertsen, Kommuneoverlege i Ulvik Unni Solem, doktorgradskandidat ved avdeling for mikrobiologi Nicolay Mortensen, professor ved klinisk institutt 2 Harleen Grewal og forskar II ved AFE Sverre Litleskare, Ulvik 2022, ,

Kilde:
Marit Folkedal Lussand

Frå venstre: Forskar II ved AFE Knut-Arne Wensaas, Professor ved UiB Guri Rørtveit, Professor ved avdeling for mikrobiologi Elling Ulvestad, Seniorforskar ved avdeling for mikrobiologi Audun Sivertsen, Kommuneoverlege i Ulvik Unni Solem, doktorgradskandidat ved avdeling for mikrobiologi Nicolay Mortensen, professor ved klinisk institutt 2 Harleen Grewal og forskar II ved AFE Sverre Litleskare

Prosjektgruppa presenterte førebelse resultat frå denne forskinga for lokalbefolkninga, Pandemisenteret ved UiB, kommuneleiinga i Ulvik og pressa. Oppmøtet frå folket var godt.

I slutten av januar 2021 kom den sokalla britiske varianten (B.1.1.7) av coronaviruset til Ulvik. Før dette hadde Ulvik Herad berre hatt sporadiske tilfelle av coronasmitte, så i praksis rekna ein innbyggjarane i Ulvik for å vere skåna for denne pandemien.

Totalt fekk 12 prosent, 134 av 1061 innbyggjarar, påvist coronasmitte under utbrotet. På kort tid vart altså mange i kommunen råka, med gode høve til forsking. Ein fekk relativt raskt etablert ei forskargruppe beståande av kommuneoverlegen frå Ulvik og forskarar frå Helse Vest, Universitetet i Bergen og NORCE Norwegian Research Centre.

Det var god oppslutning frå innbyggjarane om prosjektet, og ein har kunna kartleggje smittevegane i detalj. Ein har teke blodprøvar av studiedeltakarane like etter utbrotet og seks månader seinare. Det har også vore gjennomført spørjeundersøkingar ein og seks månader etter utbrotet, der ein har spurt om symptoma under den akutte sjukdommen, samt enkelte komplikasjonar over tid.

Pressa var til stades under møtet, og både Bergens Tidende og Avisa Hordaland laga ei sak om dette 26.august. I tillegg hadde Avisa Hordaland ei sak på førehand for å promotere møtet for folket.

Kontakt
Knut-Arne Wensaas

Forsker II - Bergen
knwe@norceresearch.no
+47 56 10 72 94

Sverre Litleskare

Forsker II - Bergen
svli@norceresearch.no
+47 56 10 76 56